Søndag 1.11.2020 - Uke 44
logo   144 000 besøkende i 2019

Samarbeidspartnere

Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten har i haust gjennomført dei årlege frontposisjonsmålingane på nokre brear i nærområdet på vegne av NVE.


530x353 Bilde1Bøyabreen i Fjærland oktober 2015. Foto: Pål Gran Kielland

Bøyabreen og Store Supphellebreen i Sogn og Fjordane har vore ein del av måleprogrammet sidan høvesvis 2003 og 1992. Vi har utført målingane på dei regenererte delane av breane som ligg ved foten av fjellet under brefallet.

Breane har dei siste åra vore vanskelege å måle då snøskred og isras styrer korleis desse massane endrar seg, og det er ikkje alltid at vi finn blåis når vi målar dei.

Dette er eit problem vi har venta på dei siste åra og det ser no ut til at vi må avslutte måleseriane.

Men vi har heldigvis to andre brear som vi framleis kan måle frontposisjonen til. Dette er Vetle Supphellebreen og Haugabreen, også i Sogn og Fjordane.

Her målar vi direkte på blåisen i brefrontane. Vetle Supphellebreen rykka 8 meter fram og sidan vi starta å måle breen i 2011 har den totalt trekt seg 14 meter attende.

Vi kan ikkje trekke konklusjonar kring utviklinga til breen frå år til år, sidan brear har ein forseinka reaksjonstid i høve klima, men resultata sidan 2011 passar diverre inn i trenden vi har med eit oppvarmande klima og minkande brear over tid.

Vi har faktisk gode bevis på denne trenden, sidan det finst gamle målingar med ein ganske lang måleserie frå 1899 til 1944 der breen trakk seg over 400 meter attende.

Vi fann også eit gamalt bilete frå 1884 der du tydeleg ser at det var større ismassar før i tida, noko som viser at klimaet har vorte varmare i moderne tid.

530x209 Bilde2Vetle Supphellebreen i 1884 (foto: Steensrup, K.J.D.) og 2015 (foto: Pål Gran Kielland)

Målingar av fronten til Haugabreen viser ein tilbakegang på sju meter i 2015. Vi har berre to år med målingar, men tala viser at breen har smelta totalt 20 meter attende.

Heller ikkje her kan vi trekke konklusjonar kring utviklinga til breen med så kort måleserie, men vi kan sjå attende i tid då det faktisk finst målingar av Haugabreen heilt attende til perioden 1933 – 1940.

Då var det Anders Briksdal som målte breen, og han registrerte at den smelta 237 meter attende i løpet av desse åra.

Fastmerket han målte avstanden til breen frå var ein varde på stor stein på austsida av elva i Haugadalen. Dette var naturleg sidan han kom over Oldeskaret frå Briksdalen.

Han skildra mellom anna at nedste delen av bretunga var heilt slett, noko som kunne tyde på at bretunga var ganske tunn og i tilbakegang. Ut i frå desse gamle målingane låg brekanten i 1939 truleg inst på flatene i Haugadalen, før berget går brattare opp mot dagens brefront.

530x173 Bilde3Haugabreen i 1930-åra (foto: NGU) og i 2012 (foto: Pål Gran Kielland)

For meir om brear i Noreg anbefalast det å gå inn på NVE sine heimesider


Pål Gran Kielland
Fagansvarleg
Norsk Bremuseum & Ulltveit-Moe senter for klimaviten
www.bre.museum.no

Samarbeidspartnere

Nyhetsbrev

captcha 

200 ledige stillingerb

200 Tips oss

200 Fortell om din forskning

 

 Ukens PhD comics

250x166 Ikke veldig spesifikt


Redaktør: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.å

Om: Info om Geoforskning.no

Annonsere: Informasjon og priser

Kontakt: Kontaktinformasjon Tips oss

Webløsning ©2013-15 av Web Norge. Skjerm: