Lørdag 23.9.2017 - Uke 38

logo

Samarbeidspartnere

Jordskjelvet i november 2016 var berre ein forsmak på det som kjem – New Zealand ladar opp til eit skjelv med styrke 8 på Richters skala.


170 VetrhusAstrid Vetrhus studerer geofarer ved Institutt for geofag ved Universitetet i Oslo.

 

Det siste året har hun tilbrakt ved University of Otago i New Zealand der hun skriver masteroppgaven sin.

 

Les mer om konkurransen her

New Zealands dramatiske natur er godt kjend gjennom Ringenes Herre-filmane, og vestkysten av Sørøya skuffar ikkje.

Landskapet som stig opp frå det tasmanske hav vekslar mellom temperert regnskog, buktande elver og opne sletter. Det er òg paddeflatt bortsett frå nokre knausar og morenar her og der – heilt til Søralpane brått skyt hundrevis av meter rett opp i lufta.

Dette spektakulære topografiske skiljet eksisterer på grunn av New Zealands noko spenstige geologiske situasjon.

Jordskorpa er delt inn i fleire puslespelbitar kalla tektoniske plater, og New Zealand ligg på grensa mellom to av desse.

Stillehavsplata kjem inn austfrå med ein hastigheit på om lag 4 cm i året (om lag same farta som fingerneglene dine veks med) relativt til den australske plata.

Grensa mellom to plater vert kalla ei forkasting. Her gnissar platene mot kvarandre, og når nok spenning er bygd opp rykkar forkastinga til, litt som når du dyttar for hardt på den tunge sofaen og han flyttar seg lengre enn balansen din hadde rekna med.

Det er energien utløyst i desse rykka me kjenner som jordskjelv.

Langs store delar av Sørøyas vestkyst går ei forkasting kalla Alpeforkastinga. Det er rørsle langs denne som har heva dei steile Søralpane 3 700 meter i vêret, og gjort at ein finn same bergartar 500 kilometer ifrå kvarandre på kvar si ende av Sørøya.

530x692 fig1Figur 1 Flott, men farleg: Sørøya i New Zealand etter ein snøstorm. Alpeforkastinga går langs den rette «streken» som skil snødekte fjell frå grøne, lågtliggjande område. Foto: NASA

I løpet av dei siste 8 000 åra har Alpeforkastinga i gjennomsnitt hatt jordskjelv kvart 330. år. Førre gong det skjedde var i 1717, altså nøyaktig 300 år sidan, og ein har rekna seg fram til at det er 30 % sjanse for eit skjelv rundt styrke 8 innan dei neste 50 åra.

Skjelvet kan altså koma i morgon, eller kanskje om 50 år. Naturen (og sannsynsrekning) kan vera nokså frustrerande innimellom.

Jordskjelv kan forårsaka svært kraftig risting som fører til tap av menneskeliv, kollaps av bygningar og øydelagd infrastruktur. Hovudvegen langs austkysten av Sørøya er i dag, seks månader etter jordskjelvet i november, framleis delvis stengt grunna skred som vart regelrett rista i gong av skjelvet.

Og nettopp nivået på denne ristinga er ein av dei mest avgjerande faktorane for kor mykje skade eit jordskjelv gjer. For Alpeforkastinga har ein ikkje seismiske data på dette, ettersam år 1717 var ei stund før det moderne seismometeret vart funne opp på slutten av 1800-talet.

Difor er det nyttig å ha ein viss idé om kva som er i vente, slik at ein kan førebu samfunnet. Datamodellering av forventa styrke på risting har verte gjort for heile New Zealand, og dette gir ein god peikepinn.

Men i nærleiken av Alpeforkastinga har ein fram til no ikkje funne geologiske stadfestingar for desse tala. Utan kalibrering frå den verkelege verda, er datamodellen å rekna for kvalifisert gjetting.

Heldigvis finst det måtar ein kan finna desse stadfestingane på.

Ein måte er å bruka skred: større jordskjelv kan starta skred i skråningar som i utgangspunktet var stabile. Gitt eit spesifikt skred med kjende eigenskapar som volum, bergartstype og skråningshelling, kan ein estimera kor sterk risting som måtte til for å starta dette skredet.

To døme på dette er Cascade-skredet langs den sørlege delen av Alpeforkastinga, og Round Top-skredet langs den nordlege delen.

The Cascade Rock Avalanche, som det heiter på engelsk, gjekk under eit jordskjelv for om lag 1 500 år sidan og dekkjer eit område på storleik med om lag 1 300 fotballbanar. The Round Top Rock Avalanche er 1 100 år gammalt og «berre» halvparten så stort i areal som Cascade, men har nådd like langt – nesten 5 kilometer – frå startpunktet.

Å bruka desse to skreda til å gi eit estimat for styrken på ristinga, kan hjelpa til med å forbetra datamodellane og dermed bidra til at New Zealand er betre rusta mot naturkreftene.

For det er tre ting som er sikre i New Zealand: dauden, skatt og jordskjelv.

Samarbeidspartnere

Nyhetsbrev

captcha 

200 ledige stillingerb

200 Tips oss

200 Fortell om din forskning

 

 Ukens PhD comics

38


Redaktør: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.å

Om: Info om Geoforskning.no

Annonsere: Informasjon og priser

Kontakt: Kontaktinformasjon Tips oss

Webløsning ©2013-15 av Web Norge. Skjerm: